Logg på medlemssidene

Skriv inn ditt brukernavn og passord for å se innholdet på medlemssidene. Har du glemt brukernavn og passord? Klikk her.

Brukernavn:

Passord:

 

Generell info om Hardangerkoret

Skrevet av: , publisert 04.11.2010

Historikk:  Opptakten til Hardangerkoret er to-delt. 1) I Jondal Grendakor var det hjå ein del songarar eit sterkt ønskje om stundom å få synge i eit større kor. Og utfrå fleire vellukka PROTS-seminar tidlegare og også utfrå info frå Per Kvile om Sunniva-koret- kom tanken om å ta initiativet til eit Hardangerkor.   2) Norges kirkesangforbund gav Anne Karin Stormyr i oppdrag å tenkje ut ulike modellar for korseminar og kursverksemd på regional- og lokalplan for kirkesangforbundet. Og eit regionalt kor med 1-4 samlingar pr. år, gjerne med fast instruktør, og som opna for seminardeltaking også frå ikkje-medlemmer, var eit av dei framlegga som ho sende attende til NKSF. 

Hardangerkoret vart stifta i Jondal 28.april 2008. Frå 2008 og fram til det første ordinære årsmøtet i juni 2010, vart koret drive av eit interimstyre med medlemmer frå Jondal Grendakor. Frå juni 2010 har koret eit vanleg valgt styre.  Hardangerkoret hadde si første korsamling 22-22.november 2009.

Konsertoversikt:

22.november 2009- "Første toneslepp" med Hardangerkoret på Hardanger Folkehøgskule. (dir: Prots/ akk.P.A.Skorgen), 

31.oktober 2010- "Andre toneslepp" med Hardangerkoret på Elvatun Ungdomshus, Ulvik (dir: Prots/ P.A.Skorgen-piano/ A.Klovning-bass).

20.mars 2011- Sommerro-konsertar i Utne kyrkje og Jondal kyrkje (dir. Prots/ Henning Sommerro-vokal & piano/ Sigmund Fredrik Vik-bass/ Hans Christian Dahlgård- perkusjon)

Mål: Hardangerkoret skal først og fremst vere eit prosjektkor for songarar og dirigentar frå Hardanger og omegn, men koret ønskjer også songarar frå andre stader hjarteleg velkomne. Koret vil inspirere til vidare korarbeid lokalt og til korsamarbeid regionalt. Koret vil profilere Hardanger med konsertar både i og utanfor regionen. Hardangerkor-samlingane er også ein del av korforbundet og kirkesangforbundet sitt faste kurstilbod i Bjørgvin.

Instruktør: Den kjende kordirigenten Per Oddvar Hildre har takka ja til å vere fast instruktør for Hardangerkoret.  Nokre stikk-ord om PROTS:   -SKRUK, -Det Norske Kammerkor, -Korseminar, -KulturMix, - om dette med meir -sjå www.pohildre.com

Organisering: Korsamlingane var organiserte som opne korkurs i samarbeid med Hardanger Folkehøgskule, Bjørgvin Kirkesangforbund og Norges kirkesangforbund fram til og med mars 2011. Vidare vert korkursa også tillyst som eit samarbeid med Korforbundet og Bjørgvin kirkesangforbund. Men Hardangerkoret er på leit etter ny folkehugskule som samarbeidspart jfr. kortkurs.

Det vert 3-4 kurs i semesteret og kursa vil verte arrangerte ulike stader i Hardanger. Ikkje-medlemmer av Hardangerkoret betaler ordinær kursavgift for å vere med på kortkursa. Medlemmer av Hardangerkoret, vil ved betalt kontingent, ha fri kursavgift til korsamlingane. Kormedlemmene betaler elles sjølve evt. dagpakkepris,  dersom kursa er på eit hotell, og dei ikkje bur på hotellet. Kormedlemmene dekkjer sjølve reis, kost, opphald og notar.