Få tilsendt nyheter
Kontakt oss
Meld deg på her
Forum

Konserthelg i Hardanger, 7-9.juni 2019

Skrevet av: , publisert 20.10.2018

Hardangerkoret har konsertar på Hardanger musikkfest og på Hardingtonar pinsa 2019 saman med dirigent Per Oddvar Hildre, Ytre Suløens Jass-ensemble og vokalisten Triccia Boutté. 

Hardangerkoret inviterer til Storkor, eit utvida Hardangerkor. For å få oversikt over overnatting og måltid 7-9.juni, ber vi om at alle både i Hardangerkoret, og de som deltek frå Chorus80, Kvammakoret og evt. andre, registrerer seg via linken her

https://forms.gle/CWY7MQW41bJgmzpY8

innan tysdag 21.mai. NB! Viktig at alle registrerer seg innan fristen, slik at vi får meldt vidare til Hardanger musikkfest kor mange rom dei må halde av til oss på Hardanger Folkehøgskule.

Dei som blir med i storkoret betaler kr.300,- pr.person i samla deltakaravgift for begge helgene, 26.mai + 7-9.juni, pausemat & kaffe inkludert. Dersom ein ønskjer overnatting og måltid kjem sjølvsagt dette i tillegg. Sjå prisinfo på registreringslinken. Pinsedag spanderer Hardingtonar lunsj på storkoret, betasuppe, derfor står det ikkje noko påmelding og pris til lunsj søndag.

Dei som blir med på prosjektet, vert med på storkorøving i Jondal

søndag 26.mai kl.10-18 og sjølvsagt på heile konserthelga 7-9.juni i Kinsarvik/ Norheimsund

(Fredag 7/6 kl.18-21/

laurdag 8/6 kl.10-13 & 14.30- til vi er ferdigøvde:) pluss konsert kl.19 i Fjordahallen, Kinsarvik/

søndag i Norheimsund kyrkje frå ca.kl.10.30 konsert kl.16.30.

Dei som blir med i storkoret, førebur seg i løpet av våren på repertoaret til konsertane. Dei må ha høve til å innstudere grunnleggjande korstemmer åleine eller saman med eige kor.  Program vedlagt-  Per Oddvar (Prots) ønskjer at heile storkoret er med på heile korrepertoaret for konsertane i pinsa, program: 


Hardangerkoret Suløen 2019.pdf

 

BLI MED I STORKORET; DET UTVIDA HARDANGERKORET

Hardanger musikkfest, pinseafta 8.juni kl.19 i Fjordhallen, Kinsarvik  og

Hardingtonar, 1.pinsedag 9.juni kl.16.30 i Norheimsund kyrkje, Norheimsund.

 

 

OKDenne siden benytter cookies
Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å bedre din brukeropplevelse. Ved å fortsette å bruke vårt nettsted samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler . Detaljer